Månedens artist: Sigrid Rekve

Med et tekstunivers som har et grunnfeste i naturen, beskrives musikken hennes som fjellpop. Hun har nylig sluppet sin debut-EP, «På Kanten». Møt månedens artist i september, Sigrid Rekve.

Foto: MMB

Fortell litt om deg selv som artist.


Som artist er eg nok litt anonym og ganske ny for mange. Eg er fødd og oppvaksen på Voss, og har heile livet blitt dregen med på turar i skogen og fjella heime. Som lita var eg med i korps og seinare vart eg medlem i eit kor på Voss der eg dei siste åra dirigerte koret. Å synge har eg alltid gjort, og er noko eg gjer absolutt heile tida. Det finst eit opptak av meg der eg er rundt 4 år, står på stolen på kjøkkenet og syng om harepusen, ei sjølvkomponert lita vise eg kom på der og då, har eg blitt fortald.

Den seriøse låtskrivinga mi starta då eg begynte på musikkstudiene på Universitetet i Agder der eg fekk prøve meg fram med tekstar og komponering. Låtane har blitt til ved pianoet, der tekst og melodi ofte kjem saman. Dette med å ha vakse opp så nær naturen har nok satt sitt preg på meg som artist og låtskrivar. Det kjem godt fram i musikken min no i dag - og tydelegvis når eg var 4 år og song om harepusen, at naturen er veldig viktig for meg. Låta mi “Fjedle” kom ut hausten 2020 og var den fyrste singelen eg slapp, etterfulgt av “Haustsongen”. Grunna korona måtte eg utsette sleppet til i år, noko som har gjort at eg i større grad har begynt å skrive låtar med gitaren, noko som var pianoet si oppgåve før. Dette synes eg er veldig spanande og opnar opp nye dører for mi eiga låtskriving.


Foto: Bendik Finborud

Du kaller musikken din fjellpop med fortellende tekster. Kan du si litt mer om tekstene og ditt musikalske uttrykk?

Tekstuniverset mitt har eit grunnfeste i naturen og kvardagen med eit eventyrleg feste i fantasien. Når eg skriv låtar kjem tekstane oftast som ein historie, ofte om ein fiktiv person som er på ei reise. Som i låta “Fjedle”, den tek deg med på ei reise inn gjennom skogen, livet, og fører deg til slutt til toppen av fjellet, der ein får fritt pusterom for alle tyngande tankar ein har med seg på vegen. Gjennom reisa kjem det eventyrlege og trolske tekstblikket mitt inn, som i frasa “dei kviskra til han alle ting han ikkje hadde gjort, nøkken i tjødnet og smådyr i måsen lo”. Det er eit nordisk og trolsk sound over både tekst og musikk, og då ein journalist nevnte at musikken min var meir fjellete enn visepop, vart fjellpop det ordet som best kunne beskriva min musikk. 


Dei forteljane tekstane mine vert kanskje i endå større grad små historiar fordi eg sjeldan brukar rim når eg skriv. Rett og slett fordi det ikkje fell meg naturleg å bruke rim, det hadde satt ein stoppar for mine songtekstar. Ser ein på det kvardagslege i tekstane mine, kan eg trekke fram låta “Du” som eg skreiv etter at eg mista venninne i ei bilulykke. Når nokon plutseleg er vekke og ein ikkje lengre kan snakka med den personen, kan det kjennast godt å tenke på at dei fortsatt er rundt ein og følger med. Heilt i andre enden av mitt musikalske uttrykk finn ein “Tre gale menn” som er eit sirkus av ei låt, og er den mest “ute” låta eg har skrive, og er eit slags valsete sirkus, som eigentleg kan kallast eit eventyr, med gale menn og ei jente som går igjen. Vossadialekta set nok óg sitt preg på det nordiske og fjellete soundet i musikken min. 


Du har jo akkurat sluppet din første EP! Gratulerer! Hva er planene fremover? Når får vi se deg live denne høsten?


Wohoo, takk! EP-en kom 2. september og heiter “På Kanten”. Den er ei lite samling låtar du kan setje deg ned og lytte på medan du høyrer regnet som trommar på taket, eller kanskje mens ein er på fjelltur? Det har vore ei lang ventetid på å endeleg sleppe musikken då korona kom midt oppi det heile. No kjennes det veldig godt å ha sluppe litt meir musikk, og eg håpar på å få spelt inn endå fleire av låtane mine i næraste framtid. Eg tenker å ta med meg gitaren, pianoet eller heile bandet og spele litt rundtom, så det er berre å følge med!