Månedens artist: Austestad

Månedens artist er litt utlending, litt vestlending, litt østlending, litt nordlending - litt urfolk og litt typisk norsk. Han blir inspirert av alt fra rap, til folkemusikk og jazz, og selv om vi ofte ser han med banjoen, trakterer Hans Martin Austestad de fleste instrumenter. Som om det ikke var imponerende nok, har han kontroll på både produksjon, miks og mastering av musikken, og klipp og animasjon av tilhørende videoer. Han er aktuell med sitt soloprosjekt Austestad, og slapp skiva Venterom i år.

Fortell om deg selv som artist! Hvam er du Hans Martin Austestad?

Eg fokuserer for tida på mitt norske låtskriverprosjekt Austestad, som eg gav ut min fjerde soloplate Venterom med i februar. Plata var spelt inn i Halden i fjor sommer, og blei laga i ein periode der eg var veldig inspirert og gleda meg til å gå i studio og spele inn musikken live med 8 musikere.  Eg er misjonærbarn, født og oppvokst i Hong Kong, i Eikelandsosen på Vestlandet og i Sandefjord på Austlandet. På morssida har eg nordnorsk, finsk, kvensk, samisk og sørlandsk herkomst med hesjing og småbruksliv. Farsslekta springer ut frå ein vestlandsk generasjonsgård, sjukepleie og fabrikkarbeidersamfunn. Eg er i så måte litt utlending, litt vestlending, litt austlending, litt nordlending. Litt urfolk og litt typisk norsk.

Når det kjem til kva musikk eg drar inspirasjon frå så er eg oppteken av musikk som er «spesifikk» og som eg opplev fortel meg historiar som «tek meg vekk». Dette treng ikkje å væra med tekst. Eit sound eller eit lydbilete kan også fortele rike historier. Men bruk av tekst som historieforteller står sterkt i musikken som driv meg – spesielt når artisten står i si eiga verd. Difor vert eg fort dratt mot folkemusikk, og den sida av populærmusikken som er forankra i folk og country – i forteljarkunst. Difor likar eg også rap, når den som rappar har sin eigen måte. Men det er også difor eg likar jazz og improvisasjonsmusikk.

Som herresongar sjølv, har eg vore inspirert av gamle ringrevar som Jan Eggum og Halvdan Sivertsen. Der den eine er raffinert og dandert, som ein syngjande sommelier med songtekstar som byggjer seg opp på nyanser før dei druser deg over ende med perfekt tima tristesse. Og så den andre som finn vegen til politiske tema med kvardagslege bilete med politisk brodd og pakker det inn i med sjømannsk allsong og oljehyre. Stanley Jacobsen er ein annan artist eg beundrer for sitt kompromisslause politiske stil, skulle gjerne høyrt han komme med ei ny plate som kommenterer desse tidene me lever i.

Då eg var 16 år var eg 2. kabelkveileassistent for eit lokalt blandakor i Sandefjord som skulle ha konsertsamarbeid med ein «kjend norsk artist». Eg hadde aldri høyrt om han før, eg hadde nesten berre høyrd på Beatles og Aerosmith opptil då, men det viste seg å være Alf Cranner. Eg hugsar endå korleis håra reiste seg på armen då dei song «sjømannsvise». «Skål for denne skuten». Dette var sjølve augneblinken eg skjønte at norske tekster treff meg hardare enn noko anna.

Då eg gjekk på musikkhøgskulen hadde me forelesning med Ragnhild Furholt, som fortalte oss om folkemusikkgruppa Tiriltunga. Dette vart også ein skjelsettande augneblink for å oppdage norske uttrykk. For ein måte å synge og frasere på. For ein måte å gynge og vogge rytmen på! – eg gjekk sporenstreks og kjøpte plate nede på Oslo City, den einaste dei hadde, «I Mine Kåte Ungdomsdagar». Fekk vel nokre rare blikk av ekspeditøren på Platekompaniet. Seinare lagde me ein versjon av ein Reinlender frå den plata «Gamle Mykkeln» med mitt eiget band Earlybird Stringband.

Eg var nok, og er nok, ein som heier på det som er utanfor allfarveg. Og skulle ønske det «spesielle» var den mest populære musikken. Difor heier eg på sånne artistar som Valkyren, Frida Ånnevik, Tønes, Moddi, Ævestaden og Strengeplukk. Eller Thea Hjelmeland, som like greit smalt til med norske snuttar blant engelske på ei plate i 2018. Kvifor ikkje? Alle artistar og band som eg opplev sprenger grenser med kor dei klarer å nå fram i oss med kombinasjonen tonar og det norske språket, enten det er noko som kanskje har gått under radaren for dei som ikkje har fulgt med, som f.eks. Vi og Du eller Karoline Wallace. Om det havna midt i radaren som Hkeem, eller smalt til med knalldebut som Daniela Reyes. Eg vert inspirert av mykje, skjønar eg når eg svarer her. Eg har gjerne problem med å forklare kven eg er som artist. Eg kunne lata som at eg berre er han fyren som elsker banjo, og delte ut banjo i spiselige porsjoner. Men det ville vært løgn. Eg er ein samansett person. Det trur eg dei fleste artister er, nokon meir enn dei får sjanse til å vise i musikkbransjen.

På instagram har vi sett deg spille både gitar, piano og banjo - hvor mange instrumenter trakterer du egentlig? Når du skriver egne låter, er skriveprosessen ulik fra hvilket instrument du bruker?

Eg song frå eg var liten, byrja å spele gitar som 8 åring og lærte noter og spelte althorn i skulekorps frå eg var 9 år. Og byrja å spele i rockeband same tida. Tanta mi hadde eit piano som eg fekk lov til å spele stygt på kvar sommar. Dette førte til at eg fekk ta borti alle dei vanlegaste instrumenta frå eg var ganske ung. Så har eg blitt fødd med ganske godt gehør og litt fingerferdighet, og det fører til rask læring. Eg har seinare skolert meg som songar. Men det meste av spelinga mi er sjølvlært. Og eg har spelt ulike roller i ulike band – det er veldig å skifte roller. Det gjev perspektiv, for det er tross alt noko heilt anna å stå fremst og formidle tekst, enn å sitje bak og tappe rytmar. Men ein ting eg verkeleg ikkje kan er bogestrøk. Bogen er min nemesis. Eg ler ofte av tanken på verdas aller første bogespelar, som sitt og gnir på strengen og tenkjer «Det her altså, det kan bli til noko!» Sprøtt at det har blitt utvikla til det det er i dag.

Instrumenta eg bruker maner fram låtar. Difor samlar eg på dei. I bluegrassbandet, Earlybird Stringband, som eg starta etter å ha spelt banjo i ein månad, skreiv eg alle låtane på det første albumet på ein leikegitar frå Ringo. Eg har også brukt opptak som skriveverktøy sidan eg var tenåring, og plar å ha eit knippe instrument for hand medan eg jobbar. Eg kallar det for sirkeltrening, å ha instrument liggande klart til opptak medan ein bygger opp ei låt. På Austestad miljø-albumet mitt Umogeleg reise frå 2020 spelte eg inn heile plata slik. Låtane er blitt til med ulike instrument som utgangspunkt. Iblant kom teksten på plass heilt til slutt. På andre låtar skreiv eg lange avhandlingar med tekst først. Eg trur ein kan høyre kva instrument som har bært dei ulike låtane. Eg miksar og mastrar også musikken min sjølv også no. Og klipper og animerer videoar. På fagspråket kallar ein sånn type jobbing for «multimodalitet». Same kva ein kallar det, så er dette ein gammal «pre-bransje» måte å jobbe med kunst på. Ein får ein idé - og utfører den åleine. Spelar alt. Gjer alt.

 

Du ga ut skiva Venterom i år, kan vi høre låtene live noe sted i sommer eller høst?

Eg har nyleg spelt konserter med Venterom-plata mi på Rauland, i Stavanger, Oslo, Hamar og Sandefjord. Då hadde me også samarbeidskonserter med dei flinke unge musikarane i Vestfold Jazzensemble – det var veldig kjekt stå med 15 musikarar på scenen etter å ha gått mykje aleine og venta på opning i pandemitider. Eg skal spele på Bymisjonen i Oslo sin sommarfest på St. Hansafta, og på Heme Dine festivalen i Engerdalen i slutten av Juli. Det vert ein svingom med konsertar som kvintett på vestlandet i haust, og så går eg med planer om eit spanande norskamerikansk dobbel duo-samarbeid på nyåret, som eg har booka konserter med seinast i dag.

Eg håpar å få spelt mange fleire konserter med Venterom-låtane i tida framover, me mista festivalsesongen 2022, nesten alle arrangørane viste til «Covid-etterslep». Så eg håpar å finne vegen til viseklubbar som har byrja å opne att utover året, og skal gjera ein innsats for å fylle klubbar, scener og festivalar med musikken min det neste året. Det er berre å ta kontakt!

 

Lytt til AustestadSpotify

Sjekk ut AustestadInstagram

Følg AustestadFacebook