“ Ein blir aldri utlært, og det finst alltid nye ting å lære og nye vegar å gå. Eg prøver å ta vare på den kjensla av nysgjerrigheit og glede, sjølv når det krev ein del innsats.”
Foto: Astrid Waller
Som en av landets mest markante stemmer har Ingebjørg Bratland sunget seg inn i norsk musikkliv med en sjelden kombinasjon av nærhet, fortellerevne og melodisk fingerspissfølelse. Hun startet i folkemusikken, men har gjennom årene utviklet et uttrykk som står stødig i skjæringspunktet mellom visetradisjon, pop og lyrisk formidling, alltid med det umiskjennelige Bratland-preget. Med låter som «Ingen som du», «Fordi eg elskar deg», «På avstand» og «Ljos» har hun skapt sanger og oversettelser som oppleves som viktige fortellinger, og som har fått et stort publikum til å lytte, kjenne seg igjen og bli berørt. I dette intervjuet møter vi en artist som er like mye en visesanger som popmusiker: en formidler som søker ærlighet, og som henter inspirasjon fra både uro, glede og de små øyeblikkene som setter seg fast. Hun deler tanker om arbeidet i The Voice, om samarbeidet med Odd Nordstoga, og om hvorfor røttene i folkemusikk og fortellertradisjon fortsatt er grunnmuren som gjør at hun tør å utvikle seg, utforske nytt og holde fast ved det ekte.
Når kjenner du at du har noe du må skrive om, finnes det et spesielt øyeblikk eller en følelse som setter det hele i gang?
For meg kan det kome frå mange kantar. Oftast er det ein film, ein serie, andre songar eller bøker som set i gong noko, ikkje nødvendigvis handlinga i seg sjølv, men ei stemning eller ein setning som heng seg fast. Kjensler er så mangt, og nokre gonger kjenner eg berre eit lite drag av noko. Ei uro, ei glede, eit minne, og då veit eg at det er noko eg må utforske. Ofte må ein berre setje seg ned og skrive, prøve seg fram, og sjå kvar det fører.
Du er dommer i neste sesong av The Voice, hvordan har det vært å sitte på den andre siden av scenen? Og hva har overrasket deg mest med deltakerne eller produksjonen?
Det å vera mentor i The Voice er ei heilt ny rolle for meg. Det er krevjande å skulle gje alle deltakarane gode og konstruktive tilbakemeldingar. Det er eit utruleg høgt nivå på alle som har meldt seg på i år. Det er også fascinerande å sjå og høyre kor mykje nerver har å seie for prestasjonane. Det kan like gjerne bikke til å vera ein fordel som ei ulempe. Alle i The Voice-produksjonen er svært dyktige på kvart sitt felt, med høg kompetanse innan musikk og det å lage god TV. Det er gjevande og lærerikt å få lov til å vera ein del av The Voice.
Foto: Astrid Waller
Du har gjort store prosjekter med både KORK og Odd Nordstoga. Hvordan går du frem når du skal planlegge «det neste steget» etter sånne høydepunkter?
Eg er ei som tek alle prosjekt like seriøst og gler meg over det der og då. Når det er ferdig, tenkjer eg sjeldan på korleis eg skal «toppe» det. Men med det sagt har eg alltid fleire prosjekt som ligg og surrar i tankane, og det er mykje eg framleis har på hjartet som eg ikkje har fått utforska enno. Eg vil lage musikk som både overraskar meg sjølv og treff folk på ein ekte måte. Eg ynskjer også å samarbeide med nye folk eg ikkje har jobba med før. Eg vil fortsetje å utfordre meg sjølv og prøve nye ting, både musikalsk og i måten eg fortel historiar på. Samstundes må eg ærleg innrømme at eg er ganske lite ambisiøs; eg jaktar ikkje store hitar og kjempesuksessar. Eg vil fyrst og fremst utfordre meg sjølv, leike med nye uttrykk og prøve nye ting, både musikalsk og i måten eg fortel historier på.
Du og Odd har en helt spesiell klang sammen, både musikalsk og menneskelig. Hva tror du gjør at det fungerer så godt mellom dere?
Det er klart at Odd og eg kjem frå det same, på eit vis. Me har liksom trødd i det same jordsmonnet heime i Vinje, og det har sett avtrykk i oss begge. Folkemusikken har òg alltid vore ei referanseramme for oss. Eg var jo også stor fan av Odd lenge før me byrja å jobbe saman. Eg song mykje med han ved å høyre på og digge musikken hans frå eg var seks år gamal, så det var nok ei slags musikalsk kjensle av å kjenne kvarandre frå før. Det kjennest som å koma heim når eg musiserer med Odd. Det er trygt, nært og gjenkjenneleg. Og så er Odd framleis ein eg ser opp til, både som menneske og musikar. Han er også ein god ven, ein eg stolar på. Det gjer nok at samarbeidet fungerer så godt, at det er både tillit, respekt og ei felles forståing av musikken.
Tidligere har du fortalt at du avlyste flere plateprosjekter før din platedebut. Hva lærte du av den perioden, og hvordan har det preget deg som artist?
Det var ein periode der eg var ung og usikker. Eg var på den tida, og er framleis, veldig sjølvkritisk. Men den fyrste tida, før eg hadde gjeve ut noko musikk, tvilte eg mykje på meg sjølv og på det eg heldt på med. Samstundes lærte eg mykje om kva eg eigentleg vil, og kva slags musikk som kjennest ekte for meg. Det har prega meg som artist ved at eg i dag tør å vera meir ærleg og tålmodig i prosessen. Eg har lært at det ofte er betre å vente og la noko modnast, enn å presse fram noko som ikkje heilt sit. Eg er utruleg glad og takksam for at det blei Heimafrå med Odd som blei mitt debutalbum. Eit album der folkemusikken var utgangspunktet, det er trass alt der eg starta, og det er det eg kjem frå.
Hva drømmer du om å få til fremover, er det noe du fortsatt har på hjertet som du ikke har fått gjort ennå?
Nei, eg drøymer vel berre om å få lov til å halde fram med det eg gjer. Eg er heldig som får leve av musikken. Å prøve å lage ting som kjennest ekte, og å få dele det med andre. Det er sjølvsagt tidvis litt slitsamt å heile tida drive seg sjølv framover, slik ein må som frilansmusikar. Men samtidig er det òg det fine med denne jobben: Ein blir aldri utlært, og det finst alltid nye ting å lære og nye vegar å gå. Eg prøver å ta vare på den kjensla av nysgjerrigheit og glede, sjølv når det krev ein del innsats.
Folkemusikken har vært en tydelig del av identiteten din helt fra starten. På hvilken måte preger den fortsatt hvordan du tenker og skriver musikk nå?
Folkemusikken har alltid vore som ein slags grunnmur for meg. Ho har lært meg å lytte og å vera nær det enkle og ekte, å sjå verdien i forteljingar og melodiar. Formidling er viktig i folkemusikken, og det er viktig for meg og musikken min. Når eg skriv musikk i dag, tenkjer eg ofte på det: korleis ein kan formidle kjensler og historiar på ein direkte og ærleg måte, samstundes som ein kan eksperimentere og finne si eiga stemme. Folkemusikken gjev ei slags rotfesting for meg, som gjer at eg tør å ta sjansar.