Månedens artist: Odd Nordstoga

Odd Nordstoga er en av de største viseartistene vi har, det viser priser og utsolgte kulturhus over hele landet. Han er aktuell både med den nye plata “Langt heimafrå” og turné sammen med Ingebjørg Bratland, men han har også tatt seg tid til å sitte i juryen til Prøysenprisene på vegne av Norsk Viseforum!

Foto: Lasse Fløde

Hei Odd! Du er aktuell med plata "Langt heimafrå" sammen med Ingebjørg Bratland, oppfølgeren til "Heimafrå" i 2013. Hvordan henger disse to platene sammen? Kan du fortelle litt om den nye plata og prosessen med å lage den?

Førre gong Ingebjørg og eg laga plate saman var ideén å vise fram våre musikalske røter. Men samstundes å ta det inn i eit format som snakka litt ut av den opphavlege folkemusikkforma. Vårt felles multiplum musikalsk er knytt til Vinje og folkesongen, og mi og Ingebjørgs stemmer har noko unikt nett i det landskapet. No, ti år etter blei det naturleg å ta inn eigen låtskriving i tillegg. Me syns det var moro og inspirerande og setje perspektivet ein litt annan stad, men likevel ha eit godt reip fest til tradisjonen heime. «Langt heimafrå» er også, såklart, påvirka av at me begge har utvikla oss og dei to karrierene våre ganske mykje på ti år. 

Foto: Esben Kamstrup

Vi ser dere er ute på en omfattende Norgesturné - hva kan vi forvente fra scenen og hvordan har turnéen vært så langt?

No om dagen er me på ein veldig intens turné. Til saman skal me ha over åtti konsertar. Det er slitsomt, men veldig moro. Fulle hus over alt gjer at me kan slappe av og vera trygge på at folk er glad for at me kjem. Det er fantastisk! På konserten fokuserer me på dei to platene me har laga så langt. Med andre ord blir det mykje folkemusikk-stoff og litt nyskrevne songar av meg. Me har tre fantastiske musikarar med oss. Mats Eilertsen på Bass, Pål Hausken på trommer og Håkon Aase på fele og tangentar, og songane får skine i eit luftig, akustisk og forhåpentligvis flott uttrykk. Det virkar som publikum set pris på det. Eg syns det er utruleg fint å dela scene med Ingebjørg. Ingen kan synge slik som ho, og me to har noko veldig fint saman musikalsk. Det er ei fin kjensle å legge stemma si til Ingebjørgs, og så liksom kjenne at frasene heilt naturleg finn ei form som ber ut og lagar til noko bra. 

Foto: Lasse Fløde

Du satt i juryen i Prøysenprisene på vegne av Norsk Viseforum i år! Vi skal selvsagt ikke røpe vinnerene, men hvordan var den prosessen og hva er ditt forhold til Prøysen?

Eg ser på Prøysen som vår store folkediktar i førre århundre. Sverige har Evert Taube og nokre til, me har Prøysen. Det hadde vore stusselig om me ikke hadde hatt ein av hans format her til lands. Eg trur nok Prøysen har opptil fleire fingrar med i utforminga av det me oppfattar som den norske folkesjela. Me hadde ikke vore heilt slik me er utan han. Eller er det kanskje slik at han traff så godt på det me her til lands kjenner oss heime og att i? Uansett er den type rolle han hadde i samfunnet veldig viktig. Det er liksom i songen og kunsten me skaper oss sjølve. I mandatet til Prøysenprisen ligg vel litt av dette. At dei som får prisen har litt av dette folkelege i seg, samstundes som det har høg kvalitet og evne til å feste seg i kulturen. 

Hjemmeside - Odd Nordstoga

Facebook - Odd Nordstoga

Instagram - Odd Nordstoga