Månedens visevenn: Randi Engelsvold

Randi Engelsvold er en ildsjel fra Jæren som elsker musikk, men det var først når barna ble store at hun virkelig ble aktiv. Hun begynte å ta gitartimer. Det førte igjen raskt til tonesetting av egne dikt. Hun har pr. i dag gitt ut 3 visealbum og flere singler.

Foto: Atle Torstensen

Fortell om deg selv og musikken din?

Musikk har alltid vert ein del av livet mitt, men det var først når ungene var store eg tok tak i denne interessa. Gitartimer blei starten, og førte raskt til låtskriving. Det starta med at eg laga melodi til nokre av dikta mine, og etterkvart hadde eg laga sanger til eit heilt album. Eg sendte nokre  ganske«dårlige» heimeopptak til mitt søskenbarn Inge Engelsvold som driv studio. Han booket musikere og laga arrangement til låtene. Dermed kom albumet «Hjarta slår sakte vals» ut  i 2011. Så ble det releasekonsert og konserter med band og vise-ballen begynte å rulle. På dette første album var både tekst og melodi mine eigne. 

Neste prosjekt kom etter eg kom eg over ei diktsamling frå 1920-30-åra av Sverre Telstø. Eg søkte etterkomarane om å få lov å sette melodi til eit utval av dikta og gje dei ut. Det fekk eg lov til.   Desse låtene blei arrangert og innspelt med band..

Resultatet vart albumet «Fager Draum» som kom i 2014.  Det var gøy å prøve ut sjangeren min i litt ny drakt med dette bandet.

I 2017 ga eg ut mitt tredje album, «Når månen er med».  Dette var eit typisk studioprosjekt. Tre av låtene har tekster av  poetene Ottar Engtrø, Heidi Strand Harboe, og Martha Elisabeth Landa. Alle melodier er eigne utenom låta «Eg vil», som er av Jørgen Manke, som også var ein dyktig produsen/arrangør.

Etter denne utgjevinga var eg heldig å få støtte til ein releaseturne m band rundt i fylket av Rogaland fylkeskommune.

Videre har eg sluppet fleire digitale singler , og kanskje kjem det fleire.  

Foto: ukjent

Hva betyr visemiljøet for deg?

Nå var musikken verkeleg kome for å bli i mitt liv. Eg reiste rundt på låtskriverkurser, både i Norge og Danmark der eg har fått mange nye visevenner. Blant annet deltok eg på Perry Stenbäck International Acoustic Guitar Camp på Engelsholm høyskole i Danmark. Etter eit seminar på Gamlehorten Gjestegård, vart eg så inspirert av det yrende visemiljøet. Eg fekk ideen om å starte Jæren viseklubb. Eg kontakta Torfinn Edland (musikk og kulturmann frå Bryne) og saman inviterte vi til visekveld på Thime stasjon. Vi fekk då med oss fleire og danna eit styre, og Jæren viseklubb blei formelt startet februar 2016. Vi hadde månedlege visekvelder med både musikk og poesi, og eit årleg  låtskriverseminar. Eg var med i styret til 2021.  

Her kan du se,  Randi, opptre under en av Jæren Viseklubb sine visekvelder på Thime stasjon. Med seg på scenen har hun Gunvald Hagen (piano) og Knut Egil Kristiansen (trommer/perkusjon). Foto: Erling Løvik

Har du noen høydepunkter innenfor visemusikken du ønsker å dele med oss?

Når de spør om høgdepunkt. Hmmm… eg trur det må vera min aller første  releasekonsert, som også var min første konsert. Eg må og nevne mitt første terningkast «5» i Stavanger Aftenblad som kom aldeles uventa.

Til slutt vil eg trekke fram musikerane  eg har hatt gleden av å samarbeide med i band, duo eller trio.  Å samarbeide i musikkprosjekt er utruleg gøy. Eg veit eg har vert heldig som har fått anledning å samarbeide med dyktige musikere, produsenter og poeter. 

Randi på Sosiale medier:
Hjemmeside
Spotify
Instagram
Facebook